Vokal

  • Individuelt og i smågrupper.

Alder: 

Frå 7 år og oppover. Vi prioriterer barn og ungdom framfor vaksne, men er du vaksen og ynskjer undervisning bør du likevel søke. Er det ledig, kan det bli din tur.

Songstemma: 
Det å ha song som instrument er ganske spesielt, samanlikna med fysiske instrument. Høyrest pianoet "surt", kjem pianostemmaren o.s.v. Derimot er stemma den samme, det er du som er instrumentet og det er kun du som kan gjere jobben, event. veileda av sangpedagog.

Opplæring i song: 
Når ein elev kjem på første time legg vi stor vekt på at eleven skal føle seg trygg. Det er ikkje enkelt å synge åleine for ein framand person. For dei fleste er dette ei svært personleg hending. Det tek tid å føle seg trygg, men når det er på plass kan mykje skapast.

Om undervisninga:
Det finnest ingen ferdig sangskole slik som på t.d. piano. Vår undervisning vert difor tilpassa kvar elev. Vi arbeider bl.a med:
  • Repertoar innan ulike sjangrar.
  • song/pusteteknikk og tonedannelse
  • formidling og budskap av tone og tekst.
  • Gehørtrening og praktisk teori.
 

Tilbake til fag