Logg inn

Nyhende

Juleforestilling 2012

Fredag 7. desember arrangerer kulturskulen juleforestilling på Flora Samfunnshus.  Kunstelevar, av lærar Chester Laquian og Georgeta Onofrei, vil vise fram bilde i ulike teknikkar som dei har laga i haust.

I konsertdelen vert det musikkbarnehage, buekorps, kammerorkester, trekkspelgruppe, ulike samspelgrupper, dansegrupper, band og solistar med elevar og lærarar. Floraskulen Brassband deltek også.
 
Velkommen til ei god gamaldags juleforestilling.
 
Førehandssal på Tenestetorget
Tlf 57756000 eller www.florasamfunnshus.no

 

Billetter:
Pris vaksne kr 130,-
Barn/ungdom kr 25,-

 

 

Ledige plassar i kulturskulen

Vi har fortsatt nokre ledige plasser på:
piano, trekkspel, saxofon, tverrfløyte, instrumentsafari, trekkspelklubb, småbarnssong og kunst.
Vaksne kan også søke. Vi prioriterer barn og unge, men tek likevel inn vaksne når vi ikkje har unge søkarar.
 
Storbandet har ledig 2 plasser på trumpet (2. & 4.) og 2 plasser på trombone. (ungdom/vaksne).
 
På dans har vi ledig i følgande grupper:
  • Torsdag 17:30, 2. klassegruppe
  • Onsdager 13:30, 5.-7. klasse
  • Onsdager 14:45, 3-4. klasse klassisk ballet
  • Onsdager 15:45, 3-4. klasse jazz ballet
  • Onsdager 18:15, fra 8. klasse og oppover.
 
 
Gratis kulturskoletime for 1. - 4. trinn i SFO tida

I Kulturløftet II er eit av måla at alle barn som ynskjer det skal få eit kulturskoletilbod av god kvalitet til ein rimelig pris.

I statsbudsjettet for 2013 foreslår regjeringa å bevilge 73,8 millioner kroner til ein uketime med kulturskoletilbod i skole/SFO-tida på barnetrinnet (1.- 4.trinn) frå hausten 2013 (180 mill på årsbasis).  Departementet tar sikte på å lovfeste plikt for kommunane til å gje elevane eit slikt tilbod. Dette er 1 uketime med frivilleg og gratis kulturskoletilbod i skole/SFO-tida for alle elevar på 1.-4. trinn. Kommunane vil få midlar tilsvarande kostanden ved å bemanne tilbodet med lærarar. Dette gjer ein for å sikre god kvalitet i tilbodet.

I perioden 2010-2012 er det årleg tildelt 40 mill. kroner fra  Kulturløftet II i stimuleringstilskot til kulturskolar. Desse midlane, pluss 33,8 millioner friske midlar i 2013 skal brukast til å finansiere kulturskoletilbodet.

Norsk kulturskoleråd har på sitt landsmøte oppfordra regjeringspartiene til å initiere ein tverrpolitisk satsing for å oppfylle Kulturskoleløftet si målsetting. Det vart difor utarbeidd og overrekt ein eigen resoulusjon til kunnskapsminister Kristin Halvorsen på Norsk kulturskoleråd sitt landsmøte. Resolusjonen finne du her.

Meir info og nyheter om kulturskoletimen finne du her: http://www.kulturskoleradet.no/

 

 

Vidareføring av digitalt kunstprosjekt

Kulturskulen får vidareføre prosjektet "Digital utforming gjennom åpne programvare" skuleåret 2012-2013.
I samband med kulturløftet II har utdanningsdepartementet sidan 2010, bevilga ein årleg sum fra Kulturløftet II på kr 40 mill i stimuleringstilskot til kulturskulane. I tillegg bevilger også kulturskolerådet 5 mill til lokale og regionale utviklingsprosjekt.
 
Utdanningsdepartementet har i år bevilga kr 80.000 og Norsk kulturskoleråd har bevilga kr 20.000 til vårt prosjekt i Flora kommunale kulturskule. Skuleåret 2011-2012 fekk Flora kulturskule tilsaman 120.000 og i år fekk vi altså til saman 100.000,-.

 

 

Nye lærarar i dans

Vi er heldige som har fått 2 nye danselærarar i år; Lisa Giil og Amalie Aadland. Lisa skal undervise 3. klasse og oppover i ballet og jazzdans, på onsdager. Amalie skal undervise 0. - 2. klasse på torsdager. Danseundervisninga starter i veke 35 og vil føregå på Flora Samfunnshus.

 

 

Oppstart til ny kulturskulesesong

Vi har planlegging førstkomande veke, og opptaksbrev vert sendt ut tysdag den 14. august. Undervisnginga starter måndag 20. august.

I januar 2013 er det 25 år sidan kulturskulen vår starta. Kulturskulen vår starta opp 01. januar 1988 og vi har difor eit heilt jubileumsår å jobbe fram mot.

Velkommen til nytt og spennande kulturskuleår!

 

 

 

 

 

 

 

 

Sommarforestilling 2012

Fredag 8. juni arrangerer kulturskulen sommarforestilling. Denne gongen flytter vi forestillinga til paviljongen ved Lillevatnet, og håper dermed på godt vær. Om ikkje været er med oss gjennomfører vi likevel arrangementet så godt vi kan.

 

Vi startar kl 17:00 med kunstutstilling i skogen, der kunstelevane viser fram sine kreative arbeid.  Er været dårleg flytter vi utstillinga til kulturskulen, som ligg like ved paviljongen.

Kl 18:00 er det forestilling i paviljongen. Det vil sjølvsagt bli ei forestilling med stor breidde og høg kvalitet.

Sommarforestilling_2012

Innslaga er av småtroll i skogen (musikkbarnehagen), solistar og samspel, treblås, strykarar,  sommarleg trekkspelmusikk og band med meir.

 

Vi satsar på ei triveleg sommarforestilling i skogen. Ta med mat og kaffi!

 

 

Danseforestilling 24. mai

Førstkomande torsdag (24. mai) arrangerer kulturskulen ein utvida huskonsert/
forestilling med dansarane på Flora Samfunnshus.
 
Bill vaksne kr 50,-
Barn og skuleungdom gratis.
 
Billettinntekter i samband med arrangementet vil gå til leige av lyd og lys.
 
Velkommen!
resized_Plakat_danseforestilling_2012

Vårforestilling 2012

Bilder Firdaposten finn du her.

Vi vil oppmode folk om å ta seg tid til å gå på denne forestillinga. Her vil vi presentere mykje av det beste kulturskulen har å by på. Vi har i år valgt bort temaforestilling til fordel for ei rein utøvande konsertforestilling. Konserten vil bere preg av eit aukande nivå hos elevane, takka vere dyktige lærarar og god elevinnsats.
I vårforestillinga vert det først kunstustilling, og deretter konsertforestilling med musikk og dans. Vi får innslag med det nye og fremadstormande korpset Floraskulen brassband. Det vert elles innslag med strykeorkester, dans, vokalgruppe med utdrag frå Les Miserables, dyktige bandgrupper som akkompagnerer solistar i ulike sjangrar, frå pop til jazz. Det heile vert avrunda med den nye trekkspelklubben i Flora, leia av Inge Reskten.

 

Velkommen til ei forestilling som passer for alle aldersgrupper!

 

Bill. Vaksne kr 120,-,  barn/ungd. Kr 30,-
Førehandssal på tenestetorget frå måndag 23. april. Tlf 57756000,
eller www.florasamfunnshus.no

Plakat_vrforestilling_2012_Grnn

Ballet for 6 åringar.

Kulturskulen har no opna opp for ballet-tilbod til 6 åringar. Danselærar er Wencke Storm. Ho har bakgrunn med klassisk dans, rytmisk dans, folkedans og danseterapi. Undervisninga føregår på Flora Samfunnshus. Det kan bli aktuellt med fleire grupper, om det vert stor pågang.

Ballet

 

Trekkspelklubb i kulturskulen

Kulturskulen med Inge Reksten er no i gang med trekkspelklubb.

Det er 15 år sidan sist det var trekkspelklubb i Flora. Vi tilbyr dette til alle som har tilgang på trekkspel og har spelt litt trekkspel frå før. Dette er tilbod til både unge, vaksne og pensjonistar, så det er berre å børste støvet av belgen.

Trekkspelklubben har no 10 medlemmar og har øving kvar mandag mellom kl 18:00 og 19:00 i kulturskulen sine lokale i Livius Smittgate 20. Dei som ynskjer litt ekstra for å kome i gong vil få mulighet til å få individuell undervisning i tillegg til trekkspelklubben.  Pris for å delta i trekkspelklubben er den same som ved samspel og ein finn oversikt på www.florakulturskule.no

Musikalsk leiar Inge Reksten har utdanning som adjunkt i musikk ved Norges musikkhøgskole. Inge er ingen smågut sidan han  tidlegare har hatt den store  tittelen som norgesmeister i trekkspel.  I tillegg til å vere tilsett i kulturskulen i Florø er han også musikalsk leiar på 20. året for den veldrevne  trekkspelklubben i Førde. Så klarer dei å drive trekkspelklubb i Førde, så må vi vel klare det i Florø også.

 

Trekkspelklubb
Dei som ynskjer å delta, kan ta kontakt med kulturskulen enten ved å møte oss, ringe oss, nytte heimesida eller sende ein mail.

 

 

Vi har 40 gjester og ingen medlemmer på besøk.

SØKNAD:

 

Ny skar
 
er registrert
 

 

LEDIGE PLASSER:

  • Kulturbarnehage (2-3 år og 3-4) år Nytt! Halv pris
  • Instrumentbarnehage (4-5 år) (tors. kl 18:00) Nytt! Halv pris
  • Instrumentsafari (fom 1. klasse) (Man 18:00) Nytt!
  • Kulturskulekor (frå 12 år) Nytt!
  • Band samspel (frå 10 år) Nytt!
  • Vokal
  • Gitar og bassgitar
  • Fiolin og cello
  • Piano
  • Saxofon, klarinett, tverrfløyte 
  • Storbandet har 4 ledige plassar: 3. og 4 trumpet og trombone.

 


 Påmelding Elevopptak

Flora kulturskule, Livius Smittgate 20, 6900  Florø - Tlf: 57756240 / 6243 / 6244 - Epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. -


Besøkende: I dag 102 | I går 159 | Siste uke 951 | Siste mnd 2257 | Totalt 262854

 

Copyright © 2017 - Flora kulturskule