Logg inn

Nyhende

 

 

Kulturskulen - Juleforestilling 2011
Fredag 9. desember arrangerer kulturskulen juleforestilling på Flora Samfunnshus kl 17:30. Dette vert ei god gammaldags juleforestilling.

Kl 16:30 opnar kunstutstillinga og 17:30 startar sjølve konserten.

Kunstavdelinga under lærar Chester Laquian vil vise fram bilde i ulike teknikkar. Skulen er så vidt i gang med digitalisering som hjelpeverktøy i kunsten. Nokre av maleria er allereie framstilt gjennom slike spennande prosessar

I konsertdelen vert det musikkbarnehage, barnekor, buekorps, kammerorkester, trekkspelgruppe, ulike samspelgrupper, dansegrupper, band og solistar med elevar og lærarar. Det vert eit variert program og vi får også høyre nokre innslag med Floraskulen brass band.

 


 

resized_JUleforestilling_2011

 

  • Kl 16:30 Kunstutstilling
  • Kl 17:30 Forestilling

Billetter: Pris vaksne kr 120,- Barn/ungdom kr 20,-
Førehandssal på Tenestetorget frå fredag 2. des. Tlf 57756000 eller www.florasamfunnshus.no
Velkommen til kulturskulen si juleforestilling 2011

 

Haustforestilling i Florø kyrkje, 26. oktober 2011

Onsdag 26. oktober arrangerer kulturskulen si tradisjonelle haustforestilling i Florø kyrkje.

Denne gongen har vi valgt å gjere ei forestilling utan tema, og la musikk og kunst få spele ut sin eigenart. I programmet vert det mykje klassisk musikk med komponistar som Purcell, Sibelius og Cesar Franck. De vert innslag av både elevar og lærarar, vokalelevar, gitar, piano, strykelevar, buekorps, kammerorkester, treblåselevar, trekkspel og ellers ulike samspelsgrupper.

 

Bill.; vaksne kr 100,-

Barn/ungd. gratis
hst

Velkommen til ei triveleg haustforestilling i Florø kyrkje!

 


Sommerforestilling 2011

Onsdag 8. juni arrangerer kulturskulen sommarforestilling på Flora Samfunnshus kinosal.

Vi starter kl 17:00 med kunstutstilling i foaje, der kunstelevane viser fram sine kreative arbeid.

Kl 18:00 er det forestilling i kinosalen. Dette vil bli ei forestilling med stor breidde og sjølvsagt høg kvalitet.

Vi starter med musikkbarnehagen, deretter songsolister, buekorps, kammerorkester, sommarleg trekkspelmusikk, unge klaversolistar, gitarelevar og treblåsensembler. Sommarforestillinga vert avslutta med eit heidundrane danseshow av danseelevar.

 

Bill: Vaksne kr 100,-. Barn og skuleungdom kr 50,- barn under skulealder kr 0,-

Velkommen til ei triveleg sommarforestilling onsdag 8. juni!


ENCORE - DANSEFORESTILLING

ENCORE er tittelen på forestillinga, der Flora kommunale kulturskule presenterer ei energisk danseforestilling, med mange forskjellige stilarter. Det er danselærar i kulturskulen Anders Nydal med sine danseelevar som skal ha framsyning i kinosalen på Flora Samfunnshus, fredag 20. mai kl 18:00.

 

Velkommen!

 

  • Billett 100,- vaksen
  • Billett 50,- born

Sal av billettar ved inngangen

 

 

 

 


”JAKTEN PÅ DEN PERFEKTE HARMONI”

Strykekonsert på Flora ungdomsskule onsdag 11. mai kl 17:30

Jakten på den perfekte harmoni er tittelen på forestillinga som kulturskulen sine strykeorkestre og kunstelevar held på Flora ungdomsskule, den 11. mai kl 17:30. Vi får høyre Florø kammerorkester og Florø buekorps, leia av cellolærar Sanja Dukanac Qattawi, spele klassisk musikk frå ulike epokar. Kunstelevar av Chester Laquian vil også vere med i forestillinga.

 

Kulturskulen ynskjer alle velkommen!

Billettar: gratis inngang



INSPIRE – KULTURSKULEN OG FLORØ BARNESKOLE MED FELLES VÅRFØRESTILLING TORSDAG 7. APRIL.

Den 7. og 8 april hadde Flora kommunale kulturskule og Florø barneskole fellesframsyning av samarbeidsprosjektet ”Inspire”. Dette var ei forestilling om det å være 7. klassing og korleis dei opplever kvardagen. Elevane hadde i oppdrag å skrive tekstar som vart samanfatta til eit manus.

 

Kvar 3. tirsdag mellom kl 09:30 og 13:00 har 4 lærarar frå kulturskulen arbeidd med 7. klassetrinnet på barneskolen, innan song, drama, tekstskriving, dans og scenografi. Kristin Skau har hatt ansvaret for songarane, Ann-Kristin Takle Winterthun for drama, Anders Nydal for dansarane og Chester Laquian for animasjon og scenografi. Dette har så vore grundig fulgt opp av lærarane ved barneskolen. Alle foreldra til 7. klassingane har vore involvert og bl.a. hjelpt til med kulissar og sminke. I tillegg har dei andre tilsette ved kulturskulen gjort musikk-arrangering og innøving av orkester-musikk med kulturskuleelevar.

 


For kulturskulen vår var dette ein slags eksamen, sidan det var resultat av eit 3-årig nasjonalt utviklingsprosjekt for kulturskular. Resultatet vart filma og sendt Norsk kulturskoleråd

Flora kommunale kulturskule er saman med dei andre kulturskulane i regionen Sogn og Fjordane/Møre og Romsdal, med i det 3 årige-nasjonale utviklingsprosjekt Kulturskolefokus. Prosjektet er i regi av Norsk Kulturskoleråd og skal nå heile landet. Kulturskolefokus er eit ledd i å styrke og inspirere kulturskular i arbeidet med å vidareutvikle skuleslaget som gode lokale ressurssentre. Sentrale samarbeidspartar i prosjektet har vore fylkeskulturavdelinga, fylkesmannen, regionale høgskular og Norges musikkhøgskule.

I siste prosjektår skulle kvar kulturskule finne ein lokal samarbeidspartnar for å utvikle ein produksjon/forestilling som skal framførast offentleg i løpet av våren 2011. For Flora kommunale kulturskule blei valet 7. klasse på Florø barneskole.

Det var skuleforestillingar torsdag 7. og fredag 8. april kl 11:00, og open forestilling torsdag 7. april kl 18:00 på Flora Samfunnshus.

 

Helsing

Arne Sunnarvik

-rektor i kulturskulen-

Vi har 50 gjester og ingen medlemmer på besøk.

SØKNAD:

 

Ny skar
 
er registrert
 

 

LEDIGE PLASSER:

  • Kulturbarnehage (2-3 år og 3-4) år Nytt! Halv pris
  • Instrumentbarnehage (4-5 år) (tors. kl 18:00) Nytt! Halv pris
  • Instrumentsafari (fom 1. klasse) (Man 18:00) Nytt!
  • Kulturskulekor (frå 12 år) Nytt!
  • Band samspel (frå 10 år) Nytt!
  • Vokal
  • Gitar og bassgitar
  • Fiolin og cello
  • Piano
  • Saxofon, klarinett, tverrfløyte 
  • Storbandet har 4 ledige plassar: 3. og 4 trumpet og trombone.

 


 Påmelding Elevopptak

Flora kulturskule, Livius Smittgate 20, 6900  Florø - Tlf: 57756240 / 6243 / 6244 - Epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. -


Besøkende: I dag 97 | I går 159 | Siste uke 946 | Siste mnd 2252 | Totalt 262849

 

Copyright © 2017 - Flora kulturskule