Logg inn

Nyhende

Nyhende 2007

Kulturskulen si juleforestilling 2007 - "Den gode gamle jula"

 

Torsdag 13. desember heldt kulturskulen juleforestilling på Flora Samfunnshus. Temaet var "Den gode gamle jula". Dette er nok den mest julete juleforestillinga vi har hatt, og Samfunnshuset blei fyllt til randen med publikum. Det starta med kunstutstilling i Foajeen, deretter med Luciaopptog der fleire hundre elevar var deltakarar. Forestillinga var meint å gjenspeile den tradisjonelle  gode gamle jula, med ei rekkje kjende og kjære julesongar av bla.a Alf Prøysen.

Laurdagsmatine – Kyrkja 125 år

I samaband med kyrkja sitt 125 års jubileum gjorde kulturskulen ein times laurdagsmatine i kyrkja, den 10. november kl 14:00. Kammerorkesteret starta konserten med Beethovens greatest hits. Det var elles ulike samspelsgrupper mellom lærarar og elevar. Det vart også spilt musikk av Bach og ein nystarta lærarkvartett spilte Gabriellas Sang av Stefan Nilsson

 

 


Fruktsalat

Hausten 2006 inviterte kulturskulen Florø barneskole og hornmusikken til samarbeid om "Fruktsalat". Resultatet fekk vi på Flora Samfunnshus fredag 20. april 2007.
Der var det 75 barn i barnekor og solistgrupper, blåsarar frå Florø Hornmusikk, dansarar, strykarar og komp med elevar og lærarar frå kulturskulen. Tilsaman var det rundt 150 deltakarar på scena.
Fruktsalat er ei samling med 13 fruktsongar, komponert og arrangert av Gullan og Dan Bonemark. "Fruktsalat" er ein musikalsk resept på fengande samarbeid. Songane er arrangert for orkester og band, og byr på ein variert musikkmeny. Kvar frukt har sin eigen karakter som vert gjengjeven i musikken.

 


 

Vi har 54 gjester og ingen medlemmer på besøk.

SØKNAD:

 

Ny skar
 
er registrert
 

 

LEDIGE PLASSER:

  • Kulturbarnehage (2-3 år og 3-4) år Nytt! Halv pris
  • Instrumentbarnehage (4-5 år) (tors. kl 18:00) Nytt! Halv pris
  • Instrumentsafari (fom 1. klasse) (Man 18:00) Nytt!
  • Kulturskulekor (frå 12 år) Nytt!
  • Band samspel (frå 10 år) Nytt!
  • Vokal
  • Gitar og bassgitar
  • Fiolin og cello
  • Piano
  • Saxofon, klarinett, tverrfløyte 
  • Storbandet har 4 ledige plassar: 3. og 4 trumpet og trombone.

 


 Påmelding Elevopptak

Flora kulturskule, Livius Smittgate 20, 6900  Florø - Tlf: 57756240 / 6243 / 6244 - Epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. -


Besøkende: I dag 97 | I går 159 | Siste uke 946 | Siste mnd 2252 | Totalt 262849

 

Copyright © 2017 - Flora kulturskule