Logg inn

Nyhende

Nyhende 2009

 

Kulturskulen si Juleforestilling 2009:

Nissen på verdensreise

 

Fredag 4. desember held kulturskulen juleforestilling på Flora Samfunnshus kl 17:30.

 

I år har vi kalla forestillinga "Nissen på verdensreise", der han reiser til USA, Russland, Irland, Cuba og mange andre stadar i verden. Vi får dermed musikk og dans frå ulike land og verdsdelar.

Her vert mange aktørar fra Kreative Småtroll, grunnopplæring, dramagruppe, dansegruppe, buekorps, kammerorkester, gitarkorps, solistar, trekkspelorkester, treblåsarar, songarar og komp.

 

  • Kl 16:30 Kunstutstilling
  • Kl 17:30 Forestilling med pause i midten.

 

Pris vaksne kr 120,-

Barn/ungdom kr 20,-

 

Førehandssal på Tenestetorget frå måndag 30. nov. Tlf 57756000 eller www.florasamfunnshus.no

 

Velkommen til kulturskulen si juleforestilling 2009!

Sjå juleforestillinga på video her.

 

 

Kulturskulen - Haustkonsert i Florø kyrkje,

Onsdag 21. oktober kl 18:00.

 

Også i år har kulturskulen lagt haustforestillinga til Florø kyrkje.

Det vert innslag av dans, kammekoret ”Fryd”, vokalelevar, treblåselevar, kammerorkester, buekorps, trekkspel og ellers ulike samspelsgrupper. Dette vert også ein rein akustisk forestilling med musikk av komponistar som Bach, Beethoven, Tchaikovsky, Schönberg, Saint-Saëns. Vivaldi m.fl.

 

Velkommen til ein triveleg haustkonsert i Florø kyrkje!
 
 
Helsing
Arne Sunnarvik
-rektor-

Sjå haustkonserten på video her.

 
Flora kulturskule 20 år

Flora kommunale kulturskule starta hausten 1988. Kulturskulen feirar difor 20 år med jubileums-forestilling på Flora Samfunnshus fredag 17. april.

Vi vil presentere noko av det beste vi har i eit breitt spekter av innslag.

Langt på veg kan vi kalle den for ”Kulturskulens Greatest hits”, med bla. anna Abba-potpurri, ”Tidenes beste gitar-riff”, songsolistar med songar frå Disney og Hair akkompagnert av storband, stryk og dansarar. Vidare vert det både klassisk og populærmusikk av både småtroll, solistar, orkester og ensembler. Dette vil bli ein av våre beste forestillingar, og vi har difor valgt å gjere 2 framsyningar.

Etter tradisjonen vert det utstilling i foajeen av kunstelevane. Denne gongen vert utstillinga ekstra stor, med stor breidde og mange teknikkar. Denne er det verdt å få med seg!

Velkommen til kulturskulen si jubileumsforestilling!

Flora Samfunnshus, fredag 17. april.

Kunstutstilling kl 16:30

1. forestilling kl 17:30

2. forestilling kl 19:30

 

Bill. Vaksne kr 120.-, pensj. kr 80.-, barn/ungd.kr 20,-

Førehandssal på tenestetorget frå tysdag 14. april. Tlf 57756000, eller www.florasamfunnshus.no

 

 

 


 

Videoklipp fra andre temabaserte førestillingar.

 

UKM 2009

Laurdag 24. januar arrangerte kulturskulen UKM på Flora Samfunnshus. I forhold til tidlegare var det nok litt lite påmelding, men kvaliteten var likevel såpass høg at juryen hadde ein tøff jobb med å finne ut kven som skullle vidare til fylkesfinalen i Førde den 17. - 19. april.

Meir info her


 

Vi har 35 gjester og ingen medlemmer på besøk.

SØKNAD:

 

Ny skar
 
er registrert
 

 

LEDIGE PLASSER:

  • Kulturbarnehage (2-3 år og 3-4) år Nytt! Halv pris
  • Instrumentbarnehage (4-5 år) (tors. kl 18:00) Nytt! Halv pris
  • Instrumentsafari (fom 1. klasse) (Man 18:00) Nytt!
  • Kulturskulekor (frå 12 år) Nytt!
  • Band samspel (frå 10 år) Nytt!
  • Vokal
  • Gitar og bassgitar
  • Fiolin og cello
  • Piano
  • Saxofon, klarinett, tverrfløyte 
  • Storbandet har 4 ledige plassar: 3. og 4 trumpet og trombone.

 


 Påmelding Elevopptak

Flora kulturskule, Livius Smittgate 20, 6900  Florø - Tlf: 57756240 / 6243 / 6244 - Epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. -


Besøkende: I dag 99 | I går 159 | Siste uke 948 | Siste mnd 2254 | Totalt 262851

 

Copyright © 2017 - Flora kulturskule