Logg inn

Nyhende

Nyhende 2010

 

Luciakonsert i musikkpaviljongen ved Likkjevatnet i Florø
Kulturskulen og Barnas Turlag inviterer til konsert i musikkpaviljongen ved Likkjevatnet, måndag 13. desember kl 17:00.

Her får vi sjå og høyre vokalelevar, musikkbarnehagen, ei musikkgruppe frå Miljøhuset, damekoret Fryd og mannskoret Gammen. Saman vil vi gje deg eit lite pusterom i førjulstida. Barnas Turlag steller i stand bål på bålpanne og lagar kakao. Vi håper du vil ta turen og dele stunda med oss.

VELKOMMEN TIL LUCIAKONSERT!


Kulturskulen - Juleforestilling 2010

Fredag 3. desember arrangerer kulturskulen juleforestilling på Flora Samfunnshus kl 17:30.

I år vert det ei god gammaldags juleforestilling. Kl 16:30 åpnar kunstutstillinga og 17:30 startar sjølve konserten som vert i 2 avdelingar, ei konsertavdeling og ei danseavdeling.

 

Kunstavdelinga under lærar Chester Laquian vil vise fram bilde i ulike teknikkar innan teikning, oljemaling, akvarell og kolstift.

 

I konsertdelen vert det musikkbarnehage, buekorps, kammerorkester, trekkspelgruppe, ulike samspelgrupper, band og solistar med elevar og lærarar. Det vert eit variert program med både populærmusikk og musikk av Grieg, Bach og lokale komponistar m.fl..

 

I siste avdeling vil lærar Anders Nydal få presentere alle sine danseelevar fra 1. til 11. klasse

 

  • Kl 16:30 Kunstutstilling
  • Kl 17:30 Forestilling med pause i midten.

 


Pris vaksne kr 120,- Barn/ungdom kr 20,-

 

Førehandssal på Tenestetorget frå fredag 26. nov. Tlf 57756000 eller www.florasamfunnshus.no

 

Velkommen til kulturskulen si juleforestilling 2010


Kulturskulen  - Haustkonsert "Tellus"

i Florø kyrkje, onsdag 3. november kl 18:00.

 

Onsdag 3. november arrangerer kulturskulen haustforestilling i Florø kyrkje. Det vert innslag av elevar og lærarar innnan dans, vokal, gitar, piano, stryk, buekorps, kammerorkester, treblås, trekkspel og ellers ulike samspelsgrupper.

Dette vert ei akustisk forestilling med musikk av komponistar som Bach, Schubert, Vivaldi og Brahms m.fl.Tema i konserten er jorda vår ”Tellus”

 

Bill.; vaksne kr 100,-,  barn/ungd. gratis

 

Velkommen til haustkonsert i Florø kyrkje!


Florø Storband held konsert på Hjørnevikhagen!

Laurdag 12. juni kl 13:00 vert det konsert på Hjørnevikhagen, med Florø Storband og vokalister.

Vi satse på skikkeleg "Florøvær" med nordavind, sol og god musikk i den lune Hjørnevikhagen.

 

Velkommen til ein triveleg storbandkonsert!

 


Danseforestilling – Sommeravslutning.

 

Velkommen til Kulturskulen si danseforestilling mandag 7.juni. Forestillinga vert i kinosalen på Flora Samfunnshus kl.19.00. Programmet byr på moderne dans, street dans, hip hop og barnejazz. Hilde og Mirjam Ulrikke Amundsen skal også framføre eit dansenummer saman. Dette blir danselevene til Mirjam Amundsen sitt finale show da hun takker for seg i stillingen som danselærar i Kulturskulen.

Ønsker dere alle hjertelig velkommen.

 


Kulturskulen sin sommarforestilling 2010

  • Kunstutstilling kl 17:00
  • Forestilling kl 18:00
  • Tildeling av drømmestipend 2010

Fredag 4. juni arrangerer kulturskulen sommarforestilling på Flora Samfunnshus festsal.

Vi starter kl 17:00 med kunstutstilling i foaje, der elevane til Hallvar Lunde viser fram sine arbeid.  Kl 18:00 er det forestilling i festsal med «Kreative småtroll», samspelgrupper og solistar.

Sommerforestillinga vert avslutta med overrekking av drømmestipend.

 

Velkommen til ei triveleg sommarforestilling fredag 4. juni!



”Jakten på den perfekte harmoni”

Strykekonsert på Flora ungdomsskule onsdag 26. mai kl 17:30

 

Jakten på den perfekte harmoni er tittelen på konserten som strykarane i Flora kommunale kulturskule held på Flora ungdomsskule, den 26. mai kl 17:30. Vi får høyre Florø kammerorkester og Florø buekorps, leia av cellolærar Sanja Dukanac Qattawi, spele klassisk musikk frå ulike epokar.

Kulturskulen ynskjer alle velkommen!

  • Billettar:    gratis inngang
  • Arrangør:   Flora kommunale kulturskule

 

JONAS I JUNGELEN PÅ  KULTURSKULEN SI VÅRFORESTILLING 23. APRIL.

Den 23 april skal Flora kommunale kulturskule ha si årlege vårforestilling. Sidan Flora ungdomsskule skal ha eiga oppsetning veka etter, har vi valgt tema for dei yngre, med framføring av musicalen ”Jonas i Jungelen”.

 

Historia i musicalen handlar om Jonas som så gjerne vil ha eit kjæledyr, men som ikkje kan få det fordi han er allergisk. Far til Jonas oppmodar han om å leike med nokre av kosedyra sine i staden. Då Jonas legg seg til å sove i senga si, drøymer han seg rett inn i eit jungeleventyr. Musicalen har 12 songar, ein song for kvart dyr.

 

 

 

 

 

 

Kulturskulen har sidan i haust jobba med å førebu musicalen. Kunstavdelinga, ved Halvard Lunde, har vore i full sving med å lage fine og fargesprakande kulissar, dyremasker og figurar. Her finn ein både løve, kenguru, struts, sjiraff, elefant og sjølvsagt apekattar.

Velkommen til ”Jonas i Jungelen på kulturskulen si vårforestilling 23. april!
 
Helsing
Arne Sunnarvik
-rektor i kulturskulen-
 
Flora Samfunnshus, fredag 23. april. KL 18:00.
 
Bill. Vaksne kr 130.-, barn/ungd.kr 20,-
Førehandssal på tenestetorget frå måndag 19. april.
Tlf 57756000, eller www.florasamfunnshus.no

Delta på musikalen Fame?

I 2005 arrangerte sfjung Jesus Christ Super Star. I 2010 er det Fame. Ungdom mellom 16 og 26 år får igjen eit spennande høve til å delta i musikalsk samarbeid på tvers av kommunegrensen.

Dei som står bak FAME kallar seg Sfjung (Ungdomsmusikal Sogn og Fjordane), der Ingrid Hansen er prosjektleiar. Sfjung er eit musikalsk samarbeid på tvers av kommunegrensene og gir tilbod til unge mellom 16 og 26 år. Her samarbeider unge som bur i fylket i dag med utflytta ungdom som tek høgare utdanning eller er heilt eller delvis profesjonelle. Forma musikal gjer det mogleg å involvere fleire sider av unge sine ressursar; musikk, sang, dans og teater. I tillegg er unge med i alle deler av produksjonen. Prosjektet skal legge til rette for at ungdom får rettleiing og tilrettelegging på eit profesjonelt nivå.

Tidspunkt for oppsetting på ulike stader i fylket (ikkje bestemt kvar enno) vert i perioden 6. - 14. august 2010.

Frist for påmelding er 10. januar.

Vi har 15 gjester og ingen medlemmer på besøk.

SØKNAD:

 

Ny skar
 
er registrert
 

 

LEDIGE PLASSER:

  • Kulturbarnehage (2-3 år og 3-4) år Nytt! Halv pris
  • Instrumentbarnehage (4-5 år) (tors. kl 18:00) Nytt! Halv pris
  • Instrumentsafari (fom 1. klasse) (Man 18:00) Nytt!
  • Kulturskulekor (frå 12 år) Nytt!
  • Band samspel (frå 10 år) Nytt!
  • Vokal
  • Gitar og bassgitar
  • Fiolin og cello
  • Piano
  • Saxofon, klarinett, tverrfløyte 
  • Storbandet har 4 ledige plassar: 3. og 4 trumpet og trombone.

 


 Påmelding Elevopptak

Flora kulturskule, Livius Smittgate 20, 6900  Florø - Tlf: 57756240 / 6243 / 6244 - Epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. -


Besøkende: I dag 96 | I går 159 | Siste uke 945 | Siste mnd 2251 | Totalt 262848

 

Copyright © 2017 - Flora kulturskule