Logg inn

Artikler

COMM-ON-TIME.COM

 Publisert: 03.02.2016

Comm-on-time er eit rytmespel, utvikla av pianolærar Geir Åge Hovland. Spelet er eit terning/brett-spel med fokus på noteverdiar og taktart og finnes i både fysisk utgave og digitalutgave på comm-on-time.com.

  • 2, 3 eller 4 spelarar pr. brett. (Når elev er åleine så kan lærar og elev spele.)
  • Spelet finnes i rund utgåve med 1 markør pr. spelar, og rett utgåve med 3 markørar pr. spelar.
  • Spelet passar også godt for kor, korps, orkester, skuleklassar osv.
  • Geir Åge har brukt dette spelet i eitt år med elevar i alderen 10 – 19 år.
  • Spelet er godt likt av alle og elevar spør ofte om å få lov til å spele «comm-on-time».
  • Spelet gjev elevar betre forståing av note-verdiar, taktart og brøk-rekning.
  • Spelet går på flaks og elev vinn ofte over lærar.

Geir Åge Hovland har vore pianolærar ved Flora kommunale kulturskule sidan 1991.

HEIMESIDE:
comm-on-time.com
Dette er ei side der du registrerar deg med brukarnamn og passord. Då kan du gratis laste ned hjelpebrett, rundt/rett spelebrett og bruksanvisning i pdf-format. Så kan dette folierast mot slitasje. Spelebrikker (markørar) må ein ordne sjølv. (eks. Ludo)
Tilgang til terningar og generator vert i ein prøveperiode gratis. Seinare vil det komme ei beskjeden eingonsavgift for tilgang til desse. Det kan verte aktuelt å skaffe fysiske terningar og spelebrikker. Det er avhengig av tilbakemelding frå brukarane.

Sida finne du her!

Vi har 12 gjester og ingen medlemmer på besøk.


Viktig melding:

LEDIGE PLASSER:

Vi har fortsatt nokre ledige plasser på gitar, piano, fiolin, cello, saxofon, klarinett og dansegruppe for 5-åringar. Ta kontakt hvis du har spørsmål om tider.

 


Søknad om elevplass!

 

Ny skar

er registrert

 (Er eller har vært elev)