Logg inn

Ballett

Ein gledeleg nyheit!

No i det nye året startar vi opp med undervisning i klassisk ballett frå 5 år til og med ungdomsskulen. 

 

KULTURSKULENS JULEKONSERT OG UTSTILLING

Det nærmar seg jul og allereie på onsdag den 29. november kl 18:00, opnar vi julekunstutstilling på Flora Samfunnshus. Her blir det gratis entré.  Utstillinga vert hengande fram til sjølve julekonserten som blir den 8. desember. I år vert det skuleforestilling kl 12:00 og offentleg konsert kl 18:00 i kinosalen. 

Velkommen!

Her er link til Firdaposten si dekking av konserten!

Og litt på  Kulturskulen si facebookside!

 

Les mer: KULTURSKULENS JULEKONSERT

STORBANDKAFE PÅ RESTAURANT KYSTEN, Laurdag 16.12. kl 13:00

Det nærmar seg jul og Florø storband ynskjer å være med å markere inngangen til jula med konsert på Restaurant Kysten. Laurdag 16. desember kl 13:00 vert det difor storbandkafe igjen, med eit meire julete repertoar. Florø Storband stiller denne gongen med solistane Jorunn Bakke Nydal og David Antonsen. Restaurant Kysten stiller med kaffe og kaker.
Ta ein pause i julehandelen på laurdag, kom innom Kysten restaurant og få med dykk Florø storband med solistar.

Velkommen!

 

Les mer: STORBANDKAFE PÅ RESTAURANT KYSTEN 16.12.

Konsert med Flora Strykeensemble

Flora kulturskule sitt strykeorkester Flora Strykeensemble, heldt konsert saman med solistar i Florø Kyrkje, laurdag den 4. november og i Naustdal Kyrkje sundag 5. november.

Cellist Sanja Dukanac og organist Imke Schüren var solistar på beggge konsertane. Sanja er også musikalsk leiar for Flora Strykeensemble. Flora Strykeensemble er eit ensemble for vaksne og øver fast på Flora Kulturskule kvar veke. Ensemblet har medlemmer frå ulike land med ulik bakgrunn som no er busett i Florø og Førde. Såleis er ensemblet også med på å drive kulturutveksling på tvers av kommune- og landegrenser. 

Les mer: Konsert med Flora Strykeensemble

Vi har 39 gjester og ingen medlemmer på besøk.

SØKNAD:

 

Ny skar
 
er registrert
 

 

LEDIGE PLASSER:

  • Kulturbarnehage (2-3 år og 3-4) år Nytt! Halv pris
  • Instrumentbarnehage (4-5 år) (tors. kl 18:00) Nytt! Halv pris
  • Instrumentsafari (fom 1. klasse) (Man 18:00) Nytt!
  • Kulturskulekor (frå 12 år) Nytt!
  • Band samspel (frå 10 år) Nytt!
  • Trekkspel
  • Gitar og bassgitar
  • Fiolin og cello
  • Piano
  • Saxofon, klarinett, tverrfløyte 
  • Storbandet har fire ledige plassar: to på trumpet og to på trombone.

 


 Påmelding Elevopptak

Flora kulturskule, Livius Smittgate 20, 6900  Florø - Tlf: 57756240 / 6243 / 6244 - Epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. -


Besøkende: I dag 86 | I går 192 | Siste uke 889 | Siste mnd 5346 | Totalt 285803

 

Copyright © 2017 - Flora kulturskule