Musikk - Visuell kunst - Dans

Kulturskulen er eigd og driven av Flora kommune, og driv offentleg undervisning innan dei estetiske faga musikk, biletkunst og dans. Undervisninga spenner frå musikkbarnehage, instrumentsafari til vidarekomne og utdanningsretta undervisning.

Målsetjing:

  • Være eit supplement til grunnskule og vidaregåande skule, innan dei estetiske faga.
  • Gjennom musikk- dans og kunstopplæring/oppleving, auke livskvalitet for innbyggarane i Flora kommune.

Tilkomst

Kulturskulen ligg i aksen mellom Florø barneskole, Flora ungdomsskule og Flora Vidaregåande skule. Ein kan nytte gang- ,sykkelveg og turstiar frå alle 3 skulane som tilkomst til kulturskulen. Mjuke trafikkantar kan bruke hovedinngang i Livius Smittgate. Dei med bil parkerer ved Aldersheimen sine parkeringsplassar i Kinnvegen 1, og går opp gangsti langs austsida av skulen.